HISTORIER FRA VIRKELIGHETEN:  Gode kameratar

Frode Forland

HISTORIER FRA VIRKELIGHETEN Gode karneratar Historz'erfi Han hadde korne på lista same dagen -som øhj ... , skade i fot, stod ravirkeligheten det i boka. Inn kom ungguten -kanskje 15 år, haltande, hinkande frå venterommet til stolen på kontoret. Han kunne berette om ein råtass på fotballkampen dagen før som hadde kvesta han grundig. Han måtte berast av banen og var ikkje i stand til å gå på foten dagen etter. Det var liten hevelse å sjå, ingen misfarging, ingen stukningsømhet, men han hoppa til i smerte ved pal.pasjon nokre stader nær ankelen. Ikkje heilt samsvar mellom funn og symptom, tenkte eg, men det var tydeleg at guten hadde vondt. Eg såg ikkje nokon grunn til å sende han til vida re utredning i første om.gang, men instruerte han i taping av ankelen og bruk av støttebandasje nokre dagar. Dette går over, var mitt gode råd. Han var forsåvidt nøgd med den meldinga, men han hadde jobb som gåande avisbud etter skuletid kvar dag, og måtte ha ei sjukmelding for nok re dagar, i tillegg måtte han ha ei melding til trena ren på fotball-laget om treningsfritak pga skaden, elles ville han bli tatt av laget. UTPOSTEN NR.3 • 2002 AstraZeneca4 Eg kjende meg litt oppgit over formalia som ik.kje lenger berre gjeld skule og arbeid, men no også fritidsaktivitetar -men etter litt parlamen.tering skreiv eg ei sjukmelding for 5 dager, og ga han med ein kopi til fotballtrenaren. Pengar hadde han ikkje, så han hinka til legesekretæren og fekk ein giro i handa. Han var ikkje meir enn så vidt ute av døra før le.gesekretæren ropte meg tilbake til resepsjonen, ho peika ut vårt einvegsvinduage -der sprang han avgarde mot kameratAokken, lett på foten som ein kalv, med sjukmeldinga triumferande heva over hovudet. Dei andre Aokka seg rundt han og stemninga var tydeligvis høg. Lurt for open scene. Eg kjende meg ille ved. « Vi må hente han inn att», og Irene sette ut døra og ropte. Flokken stilna og stivna -han såg først på henne ein augneblink, så på dei andre -nølte litt, og så la han til palings, endå letta re på foten, med sjukmeldinga Aagrande i neven. Sint og opprørt sette eg meg tilbake på kontoret og fortsette på journalnotatet. Dette skulle han ikkje få sleppe unna. Her skulle både arbeidsgjevar, trygdekon.tor og fotballtrenar få beskjed. Mens eg skreiv høyrde eg brått mange høglyd te stemmer frå venterommet, og der sto Irene med heile gjengen rundt seg -minus den skuldige. Gutar i alle verdas fargar. «Blir han meldt til po.litiet, miste han jobben, vær så snill -ikke meld fra til skolen -dere skjønner vi skal på leirskole, og han får ikke fri fra treninga og avisbudjobben, de sier at hvis han ikke har sykemelding, mister han jobben og blir satt ut av laget. Vi skal få han mn 1g1en». Og bak næraste hjørne stod guten og holdt ut.kikk med situasjonen. Etter lange runda, og med ein kamerat i politimessig grep i kvar arm, kom han duknakka tilbake. Igjen inn på mitt kontor. Der fekk han ei alvorstyngd lekse eg vonar han seint vil gløyme, men 6g hjelp til å finna ei anna løysing for det aktuelle problemet han hadde korne opp i. Det er ikkje berre spøk å ha ambiasjonar på ba.nen, å skulle skaffe penger til leirskule ved eiga kvelds-jobbing og samstundes få tid og formalia på rett plass for ein IS-åring med språkvanskar i Stor-Oslo. Frode Forland UTPOSTEN NR.3 • 2002 AstraZeneca AS Hoffsveien 70 B Boks 200 Vinderen N-0319 OSLO Tlf 21 00 64 00 Faks 21 00 64 01 www.astrazeneca.no

Denne artikkelen finnes kun som PDF.

Last ned pdf